Stordkonferansen

 

Den 9. juni er me klar for den 13. Stordkonferansen.

Den petroleumsbaserte industrien som har skapt grunnlaget for velferda i Noreg, og eit enormt pengefond, har ei oppside som ikkje alltid vert like mykje vektlagt og omtala i det politiske miljøet.

Kompetansen, som er opparbeida gjennom 40 år med petroleumsindustri, har mykje større verdi enn noko oljefond. Nytenking, kunnskap, erfaring saman med evner er den samla kompetansen som gjer Noreg verdsleiande innafor den petromaritime industrien.

Det er den samla kompetansen me har som oljenasjon, som vil vera brua inn i framtida kor globale energi- og miljøutfordringar skal løysast.

Politiske rammeverk – lokalt, nasjonalt og globalt - må vera på plass for at kompetansen ikkje skal svinna hen. Den lar seg berre forrenta når den vert brukt. Ein krevjande heimemarknad for industrien må derfor vera på plass for å lykkast internasjonalt, og for å vidareutvikla kompetansen.

Stordkonferansen 9. juni set søkelyset på kompetanse frå mange ulike perspektiv, og me ønskjer deg velkommen til å delta med din kompetanse!

 

 

 

 

sip
snr
snu_as