Ho debuterte med romanen Den endelige historien i 1995, som fekk Cappelens pris for beste debutroman. Sidan har ho gitt ut fleire romanar og barnebøker i ulike sjangrar.
Lønning Aarø sin roman, Vill ni åka mera? (2003), har blitt omtala som hennar gjennombrot som forfattar. Med denne romanen blei ho også nominert til Brageprisen. Aarø er omsett til engelsk, tysk, tyrkisk, tsjekkisk, polsk, dansk og nederlandsk.
Siste roman er "Felize Navidad", ein litt anleis juleroman som har fått gode kritikkar. "Feliz Navidad" er eit djupt gjenkjenneleg relasjonsdrama som balanserer humor med vonde emosjonelle undertonar.
Foredragshaldarar
Stordkonferansen byr på ei rekke gode foredragshaldarar frå næringsliv, samfunnsliv og akademia.


Selma Lønning Aarø

Cecilie Myrseth

Pablo Barrera
Pablo Barrrera vart kåra til årets leiar i 2024. Han er skildra som ein leiar for framtida, som er særleg opptatt av at medarbeidararne har det godt på jobb. Han har til og med stolpe-, mast- og nedfiringskurs i kraftmastene.

Kjetel Digre
Kjetel Digre har vore konsernsjef i Aker Solutions etter fusjonen med Kværner i 2020. Han kom frå stillinga som driftsdirektør i Aker BT. Før det var han prosjektdirektør for Johan Sverdrup utbygginga hos Equinor. Kjetel Digre er utdanna marineingeniør, og har også ein master i subsea- og petroleumsteknologi frå Heriot-Watt University i Edinburgh.

Ola Honningdal Grytten
Ola H. Grytten er professor i økonomisk historie ved Norges Handelshøyskole. Han utmerkar seg ved å gjere økonomiske analysar tilgjengelege for folk flest med eit glimt i auga. Han er mykje nytta som økonomikommentator av mellom anna TV2. Han har vunne bronsesvampen 2 gongar, ein pris delt ut av studentane på NHH til forelesarar som har gjort ein ekstraordinær innsats!

SKAAR
SKAAR er artistnamnet til singer-songwriter Hilde Skaar - frå Stord -, med imponerande 50 millionar streams på Spotify, åtte topp 40-singlar og ei rekkje prisnominasjonar.
Karrieren hennar starta før ho i det heile tatt hadde fått sagt til nokon at ho ønska å bli musikar. Ho vart oppdaga rett etter at ho hadde posta sin første coverlåt på YouTube, og sikra seg management og plateselskap.
Allereie med dei tidlegaste singlane – Higher Ground (2018), Turn of The Tide (2020) og 24 (2019) – vart SKAAR raskt etablert som Noregs mest spennande, nye talent. Debut-EP-en The Other Side of Waiting understreka den kunstneriske djupna i pop-appellen hennar. Ho heldt fram med å imponere med tre Topp 10 radiohits og endå fleire prisnominasjonar, inkludert «Årets nykommar» på P3 Gull, «Årets stjerneskot» på By:Larm, og «Årets artist» på NRJ Awards.
I april 2024 kom nettopp EP-en Mad Women, ein vidareføring av albumet Mad Woman (2023), som gav ho ein Spellemann for Årets låtskrivar.

Eirik Norman Hansen
Aldri før har vi kunna gjere så mykje som det vi kan no.
Vi har fantastiske moglegheiter – men også mange utfordringar. Mange av desse kan løysast og endrast om vi berre tør å sjå forbi det opplagde og omfamne dei moglegheitene vi har.
Eirik Norman Hansen tek oss med på ei opplysande, tankevekkande og inspirerande reise inn i ei verd av fantastiske moglegheiter.
Eirik Norman Hansen er ein leiande futurist og teknologioptimist, som er kjend for sine innsiktsfulle foredrag om samfunnstrendar, teknologi, og digitalisering. Med bakgrunn som siviløkonom, master i teknologileiing og over 20 års leiarerfaring, belyser Eirik tydinga av teknologiske innovasjonar som kunstig intelligens, utvida røyndom (VR), robotikk, og digitalisering. Han er spesielt oppteken av kva utviklinga betyr for menneske, organisasjonar og samfunn, og korleis det vil påverke nettopp di bransje. Eirik vart kåra til Årets talar i 2018 og har vore nominert kvart år sidan. Han har ein eigen evne til å formidle komplekse tema på ein lettfatteleg måte, og med glimt i auget. Gjennom si rolle som undervisar ved Høyskolen Kristiania og forfattar av "Når juss møter AI", inspirerer og rettleier Eirik bedrifter i inn- og utland.

Knut Sandvik
Sandvik har vore direktør for prosjekt i Aker BP sidan juli 2019. Han har over 30 års erfaring frå olje- og gassindustrien. Gjennom karrieren har Sandvik hatt fleire prosjekt- og leiarstillingar i Aker Solutions, mellom anna fire år som medlem av leiinga.
Sandvik er utdanna mekanisk offshoreingeniør frå Heriot-Watt University i Skottland.

Sigbjørn Framnes
Han har køyrt gravemaskin og buss, spelar hobbyVolly og heiar på Liverpool.

Hege Økland
Ho er skildra som ei uredd dame med mykje pågangsmot som har gjort ein formidabel jobb med å få i gang eit grønt paradigmeskifte i maritim industri

Helge Gjøsæter
Helge Gjøsæter er CEO i Leirvik AS. I 2021 kjøpte Gjøsæter og fleire andre i leiinga ut selskapet gjennom ein "management buyout". Seinare har Leirvik AS jobba jamt og trutt og auka omsetnaden år for år.
Selskapet har vakse seg stort på bustadmodular til plattformer og har bygd fleire av dei største "offshore-hotella" som er i drift på sokkelen. Dei seinare åra har dei utvida verksemda til nye områder som havbruk og samferdsle.
Astrid Kjellevold
Astrid Kjellevold er dagleg leiar i Atheno. Ho brenn for gründerskap, innovasjon og leiaropplæring og har leia Atheno fram til å bli ein respektert aktør innan sitt felt. I haust rykka Atheno opp til nivå 5 i SIVA si nasjonale rangering - eit teikn på god innsats over tid!
Astrid Kjellevold har ein master i Strategisk leiing frå NHH, utdanning som adjunkt, pedagogikk vidareutdanning, styrekompetanse og inkubasjonsleiing.

Tone Sofie Aglen
Aglen har mastergrad i statsvitenskap og utdanning innan organisasjon og leiing. Ho har hatt ulike jobbar i kommune og stat før ho vart politisk kommentator og seinare politisk redaktør i Adresseavisa. I 2019 vart ho politisk kommentator i VG, før ho vart politisk kommentator i NRK i 2022.
Aglen leverer spissformulerte og treffsikre analysar av norsk politikk og har eit godt blikk for spenningane som ligg mellom sentrum og periferi.