Foredragshaldarar

Stordkonferansen byr på ei rekke gode foredragshaldarar frå næringsliv, samfunnsliv og akademia.

Nokre vi får sjå på scena
Cecilie Myrseth

Cecilie Myrseth

Næringsminister - AP

Næringsminister Cecilie Myrseth har vore stortingsrepresentant sidan 2017 og medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet sidan 2019. Myrseth har tidlegare vore medlem av næringskomiteen og fungert som fiskeripolitisk talsperson for Arbeidarpartiet. Ho var fiskeri- og havminister frå oktober 2023 til april 2024, då ho vart peika ut som ny næringsminister.

Myrseth kjem frå Harstad og er utdanna psykolog frå UiT Noregs arktiske universitet. Ho har lang røynsle frå Arbeidarpartiet og AUF, og har mellom anna vore leiar i Troms Arbeidarparti, gruppeleiar for Arbeidarpartiet i fylkestinget i Troms og fylkesrådsleiar i Troms fylkeskommune.

Geir Aker

Geir Aker

Fenriken frå Kompani Lauritsen

Kva kjenneteiknar generasjon Z – stemmer det at dei er late, krevjande og meir sjølvopptekne enn tidlegare generasjonar?

Dersom dette stemmer, korleis påverkar det korleis vi skal rekruttere, leie og ta vare på desse som tilsette? Kva kan vi gjere for å betre kommunikasjonen, forståinga og respekten for kvarandre?

Geir Aker har lang røynsle og har tidlegare jobba med barn og unge i Horten kommune. Han har ti års røynsle frå leiarutvikling i Forsvaret, og er mest kjend som Fenriken i Kompani Lauritzen.

Hilmar Mjelde

Hilmar Mjelde

Professor - Høgskulen på Vestlandet
Når me vil ha forklart kva som skjer i verda, gjer me som dei store mediehusa - ringer USA-ekspert Hilmar Mjelde og ber om råd. For to år sidan skisserte Mjelde på Stordkonferansen korleis det ville gå om Trump vann valet. No har vi langt på veg fasiten og vil her få høyre meir om kva som er planen til Trump 2.0.

Me får eit lite knippe av "høgdepunkt" i presidentperioden så langt, samt tankar om kva vi kan vente oss framover. Korleis vil mellomvalet slå ut? Vil Trump få fredsprisen? Er USA blitt eit diktatur? Kva skjer etter Trump?

Hilmar Mjelde er professor ved Høgskulen på Vestlandet, og har doktorgrad i samanliknande politikk.
Roar Thon

Roar Thon

Fagdirektør - Nasjonal sikkerhetsmyndighet

Den tryggleikspolitiske situasjonen er vesentleg endra. Det utanforståande har vorte meir tenkjeleg og vedkjem alle norske verksemder, leiarar, tilsette og innbyggjarar. Vi har fått nok åtvaringar. Det er ikkje sikkert vi får fleire! Vi må gå frå ord til handling!

Brukar du PC, nettbrett eller mobiltelefon, er du eit digitalt mål. Det er uavhengig av kven du er, kva du driv med og kvar du bur. Uavhengig av kva du arbeider med i verksemda di, er du i andre sine auge vegen inn til verdiane i verksemda.

Kva den enkelte sjølv kan bidra med for å tryggje arbeidsplassen og gjere for å sikre seg sjølv og eigne digitale verdiar litt betre, er noko av det Roar Thon snakkar om i føredraget sitt.

Roar Thon er fagdirektør for Sikkerhetskultur i Nasjonal Sikkerhetsmyndighet og prisvinnande foredragshaldar. Med over 1400 foredrag om sikkehet i NSM si teneste er han ein av dei mest etterspurte foredragshaldarane i landet.

Olav Kjellevold Olsen

Olav Kjellevold Olsen

Professor - UIB
Innimellom blir vi konfronterte med situasjonar som er kompliserte og farlege, der ukloke val kan føre med seg alvorlege og langvarige konsekvensar. Korleis kan vi som leiarar påverke korleis ei gruppe eller ein organisasjon presterer i møte med krevjande situasjonar - både før noko skjer, når det skjer og etterpå?

Olav Kjellevold Olsen er professor i Arbeids- og organisasjonspsykologi ved Universitetet i Bergen og professor II på Institutt for ledelse og organisasjon ved Handelshøyskolen BI.

Han har 26 års erfaring som offiser i Forsvaret, hovedfag i teologi og doktorgrad i psykologi frå UIB. Han er redaktør for boka "Når det gjelder som mest - Operativ ledelse og team i kritiske situasjoner" - ei bok som viser kva vi kan lære frå politi, forsvar og akuttmedisin, og korleis prinsippa for kriseleiing og gjeld for næringslivet.
Mathias Fischer

Mathias Fischer

Dagleg leiar - Tankesmia Initiativ Vest
Mathias Fischer utfordrar etablerte tankar om makt, politikk og klima med skarp analyse og sterkt engasjement. Han er dagleg leiar for tankesmien Initiativ Vest, som jobbar for grøn omstilling, verdiskaping og gode rammevilkår for næringslivet på Vestlandet, i skjeringspunktet mellom politikk, klima og industri.

Fischer har bakgrunn som kommentator i Bergens Tidende og TV 2, og har òg vore statssekretær i Klima- og miljødepartementet. Med erfaring frå både media, forvaltning og samfunnsdebatt viser han korleis samarbeid mellom næringsliv, politikk og kunnskapsmiljø er avgjerande for å lukkast med konkrete klimakutt og ny verdiskaping. Han peikar på kvifor innovasjon, tempo og handlekraft er heilt nødvendige for å forme framtida og kvifor tida for handling er no.
Sondre Olsen

Sondre Olsen

Fungerande regiondirektør - NHO Vestland
Sondre Olsen er fungerande regiondirektør for NHO Vestland. Han har tidlegare vore politisk rådgjevar i NHO Vestland, for utviklingsminister Dag Inge Ulstein og for byrådet i Bergen, samt fylkessekretær for KrF.

Kva skal næringslivet på Vestlandet leve av framover? Kva er vi gode på og kva må vi gjere noko med? Dersom det er slik at når Vestlandet lukkast, lukkast Norge - Kvifor er det då så vanskeleg å få til ting som gjer at Vestlandet lukkast?
Tor Martin Misund

Tor Martin Misund

Prosjektleiar - Grøn region Vestland
Tor Martin Misund er utdanna kokk og har utdanning innan leiing og energi. Han jobbar som seniorrådgjevar innan fornybar energi i Vestland fylkeskommune, og har røynsle frå restaurant- og forpleiningsbransjen offshore. 51-åringen har teke alle leiarkursa i NFF og har UEFA C-lisens.

Grøn region Vestland er ei felles satsing for å få fart på den grøne omstillinga i Vestland. Gjennom samarbeid mellom næringsliv, offentlege aktørar og kunnskapsmiljø skal prosjektet leggje til rette for nye, berekraftige verdikjeder, kutt i utslepp og auka verdiskaping i fylket.
Sigbjørn Framnes

Sigbjørn Framnes

Ordførar - Stord Kommune
Sigbjørn Framnes er ordførar i Stord kommune for Framstegspartiet. Han har brei politisk røynsle frå både kommune‑ og fylkesnivå, og har òg vore vararepresentant til Stortinget. Framnes er oppteken av samfunnsutvikling, lokalt sjølvstyre og å leggje til rette for vekst og verdiskaping i regionen.

Framnes cruisar gjerne rundt med ferjer i regionen, men er og oppteken av brubygging. Han peiker på styrkane i regionen, frå industri og energi til leverandørverksemd, teknologi og små og mellomstore bedrifter - og korleis samarbeid og lokal verdiskaping er avgjerande for vidare utvikling av Sunnhordland.
Liv Kari Eskeland

Liv Kari Eskeland

Styreleiar - Stord Næringsråd
Marius Knutsen

Marius Knutsen

Kommunikasjonssjef - Sustainable Energy
Konferansier i år er Marius Knutsen. Han jobbar til dagleg som kommunikasjonssjef i Sustainable Energy og har full kontroll på alt frå brenselsceller, amoniakk, Wärtsilämotorar til amerikanske startup-firma og venture kapital.

Knutsen kjenner industrien og næringslivet på Stord og vil sy saman dagen på ein framifrå måte!